Hopp til innhold

Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har prøvd å tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Areal til havvind

Regjeringa har ein ambisjon om å tildela areal med potensial for 30 GW installert kapasitet innan 2040. SINTEF har på oppdrag av Offshore Norge laga ei framstilling av kor mykje areal ein treng for å nå regjeringa sin ambisjon.

Dokumentet er laga for å oppnå felles forståing av kor mykje areal havvind treng for å få betre dialog mellom havvindnæringa og fiskerinæringa om arealspørsmål.

Studien frå SINTEF har gått gjennom produksjonstetthet i eksisterande store havvindparkar i Europa. Produksjonstettheten er størst om vinteren.

― NVE har foreslått ei nedre grense for kapasitetstetthet i utbygd område på 3.5 MW/km2. Erfaring frå parkane som er vurdert er at dei norske måla for installert kapasitet er realistiske innan eit areal på om lag 8570 km2, sier Turid Øygard, fagsjef sameksistens og havvind i Offshore Norge. 

― Det er positivt at studien viser at NVE sine utrekningar er realistiske, fortsetter hun.

Studien er både ein gjennomgang av empiri frå store parkar og ein litteraturstudie.

Det er ikkje rekna på kor mykje areal som vil påverka fiskeri i tillegg (kor nærme kan båtar med ulike reiskap gå ein park ved ulikt vær og ulik straum).

Det eksisterer ikkje nok kunnskap om desse spørsmåla endå.

Les hele rapporten her.

Turid Øygard
Fagsjef sameksistens og havvind