Hopp til innhold

Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har prøvd å tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Fisk og havvind 2024

Sola Air Hotel 12. – 13. juni lunsj til lunsj

Den første havvind-auksjonen på norsk sokkel er avgjort på Sørlige Nordsjø II, mens utlysing av Utsira Nord er utsett. Diskusjonane går om kvar ein skal bygga ut havvind. Regjeringa har ein ambisjon om å ha tildelt areal for 30 GW havvind innan 2040.

Norge treng meir fornybar energi og å skape arbeidsplassar og industriutvikling.

Samtidig er det ei grunnleggande føresetnad at havvind ikkje skal øydelegga for fiskerinæringa eller for fiskeribestandar.

Program finner du her

Dette er bakgrunnen for at dei 5 organisasjonane samarbeidar om løysingar som kan sikra at både fiskeri og havvind skal kunna driva næringsverksemd i havet. Organisasjonane fortsett arbeidet med å finna løysingar for begge næringane.

Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.

Me har halde av rom på Clarion Hotel AirSola

NB! Reserver rom før 14. mai for å være garantert rom.

For å få vår spesialpris, vennligst bestill via denne lenken

Meld deg på i dag