Hopp til innhold

Det kan se ut som du har skrudd av JavaScript i nettleseren din. Vi har prøvd å tilpasse siden for bruk uten JavaScript, men det vil dessverre resultere i noe redusert funksjonalitet

Nyhetsbilde

Havvind, fiskeri og behov for dialog

Det å utvikla havvind krev areal, og det kan oppstå ein arealkonflikt dersom ein ikkje gjer dette på rett måte. Det krev hardt arbeid å unngå konflikt.

Dette debattinnlegget ble publisert på Midtnorsk debatt 28. januar.

I Adresseavisa 25. januar 2022 har Fiskebåt ved Espen Jacobsen og Nina Rasmussen ein kronikk med overskrifta "havvind gir økt strømpris og fiskeriene ofres".

I artikkelen skriv dei "Fiskeflåten har over tid levd side om side med norsk olje- og gassnæring, og det må erkjennes at det ikkje bestandig har vært konfliktfritt. Man har likevel fått til en form for sameksistens som begge parter kan leve med".

Norsk olje og gass organiserer bedrifter som vil utvikla havvind på norsk sokkel, utan å ofra fiskerinæringa. Det å utvikla havvind krev areal, og det kan oppstå ein arealkonflikt dersom ein ikkje gjer dette på rett måte. Det krev hardt arbeid å unngå konflikt.

Norsk olje og gass meiner at me må bygga på erfaringane Fiskebåt peiker på innan olje og gass for å prøva å finna løysingar der Noreg både kan utvikla havvind for å utvikla ny industri og for å oppfylla klimamål, og samstundes ivareta fiskeri sitt behov for areal. Norsk olje og gass inviterer Fiskarlaget og Fiskebåt til å delta i arbeid for å søka å unngå konflikt mellom næringane. La og setja oss ned saman og finna ut korleis me kan unngå konflikt, systematisk arbeid i tidleg fase er ein metode som kan gje resultat.

Det næringane treng er møteplassar og systematisk dialog.

Eit element i systematisk dialog er å få presentert det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og pågåande forsking om konsekvensar av havvind for fiskeri. Det vil me gjerne bidra til,  i nært samarbeid med  Norges Fiskarlag og Fiskebåt, gjennom  våre årlege Fisk og havvind seminar.