Regjeringa har nå lyst ut dei fyrste areala for utbygging av havvind i norske havområde. Målsettinga er å bygge ut meir fornybar energi og skape arbeidsplassar og industriutvikling.
Samtidig er det ei grunnleggande føresetnad at dette ikkje skal øydelegga for fiskerinæringa eller for fiskeribestandar.
Dette er bakgrunnen for at dei 3 organisasjonane i fjor starta eit samarbeid om å utvikle prinsipp og retningsliner, som kan sikra at både fiskeri og havvind skal kunna driva næringsverksemd i havet.
Arbeidsgruppa sine tilrådingar vert lagt fram i seminaret. I tillegg presenterer NVE sine forslag til nye område for utbygging av havvind. Erfaringar med havvind og fiskeri frå andre land vert og presentert.
Seminaret er gratis og ope for alle, men deltakarane betalar overnatting og dagpakke.
Me har halde av rom på Radisson Blu Airport Hotel Gardermoen.
NB! Reserver rom før 3. mai for å være garantert rom.
For å få vår spesialpris, bruk bookingkode NORR0606 (legges inn i feltet Valgte priser - Tilbudskode). Rom bookes på hotellets hjemmeside.
Programmet finn du her
Påmeldingsfrist: 23. mai